Cochabamba haust 2015

Flytting til storbyen

Logoen vår: vivir con esperanza (lev med håp)

Det er seint på kvelden i Cochabamba. Utanfor høyrer vi lyden av sirissar, hundar som gøyr og ein svak larm frå storbyen nedanfor. Vi kan sjå på lyset som brer seg utover at byen veks dag for dag. Hovudgrunnen til veksten er stor tilflytting frå landsbygda. Bolivianarane har tradisjon for å dela opp gardane sine til alle borna. Når dette har føregått nokre generasjonar så seier det seg sjølv at det blir lite å dela på. Familiane trekkjer då inn mot storbyane med håp om å finna arbeid og betre livsgrunnlag for seg og sine. Reisa frå levekår som tilsvara 1800 talet til storbyen i 2015, tek berre timar.  Her i storbyen blir ikkje livet slik dei har drøymt om. Dårlege bu forhold, vanskeleg å få arbeid og ikkje minst, ingen familie som støtte. Dette er bakgrunnen for dei fleste av ungane våre. Afrikanarane har eit utrykk som seier at det skal ein heil landsby til for å oppdra eit barn. Slik har og våre familiar levd og det gjer dei ekstra sårbare når dei kjem hit til storbyen utan netverk rundt seg.

I haust er vi mange som har fått besøkt venene våre her i Cochabamba. I slutten av september kom Gunnhild Bergset ned saman med ei gruppe frå Stryn/Ørsta. Anne Sønsterud og mannen Jan kom i midten av oktober og har vore her tre veker. Eg som skriv, Elise Lunde, har fått vore her i seks veker.

Det nyttar å hjelpe

Det har blitt mange heimebesøk i løpet av desse vekene, og vi sit igjen med mange sterke inntrykk. Ever og Jhordy er to flotte brødre på 13 og 10 år. Vi fekk vera med dei heim og møtte mor, far og fleire av søskena. Dei er 7 søsken. Evelyn på 21 år var heime denne dagen. Ho er i gang med å utdanne seg til kokk og mangle eitt år på å bli ferdig. Frå før har ho utdanning som frisør og baker. Ho har vore hjå oss frå ho var 6 år til 18 år. Jimena på 23 har utdanna seg til frisør og Zulma på 19 jobbe nå som møbelsnekker. Alle har vore hjå oss i mange år og vil nå ha eit godt grunnlag for å klara å forsørgja seg og familiane i framtida. Vi møtte ein familie som var veldig glad og takknemlege for all hjelp dei har fått. Skulle berre ønska at alle kunne fått møtt familien og opplevd gleda og takknemligheten deira.  

Omfattande arbeid

Vår kjære, trufaste Olga er nå frisk og sprek etter ein lang og slitsam sjukdomsperiode. Det er vi veldig glade og takknemlege for. Carolina har vikariert som leiar medan Olga var sjuk. Ho og Rosa har vore eitt godt team og gjort grundig arbeid samtidig som det har vore byggeaktivitet og mykje administrasjon rundt det. Dette året er det 120 barn som er på innskrivne og 31 eksterne som får hjelp og støtte. Totalt 75 familiar er involvert!  I tillegg til omsorg, god og næringsrik mat, får dei god oppfølging i skulearbeidet. Vi ser at mange av barna får svært gode resultat på skulen. Carolina og hjelpelærerane gjer ein god og grundig jobb.

Arbeidet vårt er etter kvart ganske omfattande. Det medfører og at kostnadane aukar. Dollarkursen skaper og store utfordringar. Frå 2013 til 2015 har kursen stege med 40%. Tidlegare hadde vi årlege kostnader på rundt 350000 kroner. I 2016 kjem vi nok til å ligga på rundt 500000 kroner. Vi er difor nøydd til å jobba aktivt for å få nye gjeverar og kanskje og skular som kan vera med på å bidra med solidaritetsaksjonar. Vi er veldig takknemlege viss nokon kan hjelpa til med å verva nye gjeverar. Ta kontakt med ein av oss i styret viss de vil ha meir informasjon.  

Omsorg og varme

Vi ser at arbeidet er solid og med mykje omsorg og varme. Alle gjer ein fantastisk innsats og gir av seg sjølv i møtte med dei som treng omsorga. Kjærleiken gir håp og styrke til desse sårbare barna. Vi blir  så glade i både personalet og ikkje minst i barna. I dag var det ekstra vanskeleg å ta avskjed. Eit kor av barnestemmer helsar meg med: God reis heim til Norge og Gud velsigne deg! Etterpå kjem alle på rekke og rad og gir avskjedsklemmar. Då kjem tårene trillande og eg tenkjer på kor heldige vi er som har alle desse flotte bolivianarane som våre vener.